Viser arkivet for stikkord rødskrubb

Endeleg sopptur

Nydeleg rødskrubb

Endeleg tok eg turen heim til Odda og ut i skogen. I eit trangt program, så klarte mamma og eg å pressa inn ein 2-timers liten tur i skogen. Resultatet: seks gode middagsporsjoner med kantareller, steinsopp og rødskrubb. Hadde vi ikkje hatt våre aversjoner mot brunskrubb, kunne vi nok ha tripla innhaldet i soppkorga. Stor stas å vere i skogen.

Biletserie med 5 bilete — bla med å trykkje på pilene

Beste oppskrift med rødskrubb?

Har ein god porsjon rødskrubb i frysaren. Den er jo som kjent svart og fin når den er forvella. Kva er det best å lage ut av den? Satse på tradisjonell soppstuing eller gå vidare med noko meir avansert?