Viser arkivet for stikkord iphone

Sopp-appen har komt

Gyldendal har laga digital sopp-guide for iPhone. Det første som møter deg er bilde av tre nydelege rødskrubb, før du får oversikt over kva sopper som finst.

  • Den er inndelt etter kantareller – piggsopper – poresopper – rørsopper – skivesopper, men du kan også søke etter hattens underside – fasong – overside etc.
  • Du kan lese, sjå bilder, finne ut kor den veks samt markere soppen som favoritt
  • Favorittane dine blir samla i ei oversikt som er lett tilgjengeleg
  • Du kan også markere soppstader på kartet, slik at du hugsar kor du skal gå neste år
  • Ei flott oversikt med gode tips og råd gir deg den infoen du treng i skogen
  • Direktenummer til giftsentralen er også med.

Den kan bli din for skarve 39,- kroner. Eg trur eg faktisk hadde betalt langt over det dobbelte. Har du ikkje iPhone no, så ville eg kjøpt det fortare enn svint. Ein skikkeleg lekker sak, som sikkert kan gjere skogturane kjekkare.

Les meir om sopp-appen i app-store.