Viser arkivet for stikkord bilplukking

Sopplukking frå bil

Dersom ein er desperat nok

Eg har gitt opp lengta etter skog og fjell. Sidan eg tross alt bur i asfaltjungelen, kan eg jo bruke den for det det er verdt. Eg kan plukke sopp frå bilen. Slipper stresset med våte sko, å unngå å sette seg på blåbær og i det heile trekke inn den insektsbefengte lufta på fjellet. Det finst jo gull både her og der, og kanskje nærmare enn du trur.

Her er bilde frå ein sopptur eg lurte meg til medan eg var på bygdeoppdrag i Øvre Eidfjord. Då eg køyrde forbi til oppdraget syns eg å skimta gule, lekkerbiskener rett oppi skogen. Soppblikket funker nemleg like bra i fart som ellers. Og sanneleg hadde eg sett rett. Då eg køyrde tilbake, parkerte eg bilen strategisk og fekk tak i mange lekre kantareller.

Det bilda ikkje viser er den store forvirra køen av bubilturistar som måtte fint venta medan eg desperat klatra oppetter bil og fjellsida. Det høyrer med til historia at gleda stod berre i å få tak i kantarellene. Eg holdt meg langt unna å ete dei…

Biletserie med 2 bilete — bla med å trykkje på pilene