Skogen er full av godsaker. Ein av desse er Sopp. Soppen blir ofte sett på som noko farleg og skummelt, noko du kan ruse deg på og spy av eller i verste fall krepere av. Du kan sjølvsagt bli svært sjuk eller daude av å ete sopp, for mange soppartar er svært like og det er lett å ta feil. Difor er det viktig å satse på dei sikre soppane, lese soppbøker og være 100% sikker før du plukkar til ditt neste måltid. Ellers kan det bli ditt siste. (Dei fleste kjenner vel til Russisk rulett). Sopp er noko som eg ser på som ein særs viktig ingrediens til eit godt måltid. Gjerne til vilt, men også til fisk.
Sikre og svært gode matsoppar er til dømes: gul kantarell, traktkantarell, steinsopp og piggsopp. Du kan tørke soppen, forvelle soppen og sylte soppen. Eg for min del er glad i soppstuing og deler gjerne oppskrift med deg, samt den vesle kunnskapen eg har fått til no. Ellers håpar eg du blir ein aktiv bidragsytar til sona. Bli glad i sopp du og!